November er grå, mørk, kald og våt. Det er ikkje tida for å gå til jobb, tenkjer du kanskje. Nettopp difor bør du gjera det.

Når me skriv november, er det samtidig startskot for DNT sin folkeaksjon #gåvember. November er ein «overgangsmånad» der turlysta kan vera vanskelig å finna. Difor er det greit å byrja i det små. Det vil seia, dei turane du likevel må ta for å koma deg på jobb eller skule, men som du ikkje nødvendigvis treng bruka buss eller bil til.

1 av 3 vil gå meir til jobb
Ein tur før jobb er med på å gjera sitt til eit godt humør resten av dagen, og ifølge Aktivitetsalliansen sin undersøking frå 2014 ønskjer 37 prosent å gå oftere til eller frå jobb. Generalsekretær i DNT, Nils Øveraas, ser fram mot ein aktiv november:

– Det ligg i vår natur å gå, ikkje berre for rekreasjon på fjellet og i skogen, men også som transport. Før i tida gjekk ein i større grad der ein skulle. Me vil løfta den lågterskel-aktiviteten det er å gå – god gammaldags nyttegåing, rett og slett. På jobb skal ein uansett, kvifor ikkje utnytta strekninga til å røra på seg?

Vinn sko, hue og hytteovernatting
– Me vil sjå bileta av deg som trossar vèr, vind, regn og kulde. Korleis ser du ut på veg til jobb? Får du fylgje av soloppgangen, regnar det sidelengs eller bles du vekk? Spør Nils Øveraas i DNT.

Del bileta av din tur på Instagram og merk dei med #gåvember. Du er då med i trekninga av DNT-skoen Anaconda frå Viking Footwear, ei hytterovernatting, og ei DNT-hua.

tirsdag, 10 november 2015